Publisert av:
10/3/2009 18:10
Dagens bilete
Dei på nordsida av Tysnes har kanskje dei siste par dagane observert eit marinefartøy ute i Bjørnefjorden. Det er KNM “Otto Sverdrup” som sig rundt i lokale farvatn.
KNM “Otto Sverdrup” er ein norsk fregatt av Fridtjof Nansen-klassen som vart overlevert til Forsvaret frå eit spansk verft for snart eit år sidan.
Totalt skal Forsvaret overta fem fregattar i denne klassen til ein totalpris på 21 milliardar kroner.
(kjelde: Wikipedia)