Då var sommaren endelig her
1/6/2012 16:33
Våre kjære gjester er velkommen til å prøva ut vår nye meny me kan presentera med stor iver.
Me har i år tatt inn meir lokalmat og kan blant anna skilta med ein hjorteburger, der hjorten sjølvsagt kjem frå vår vakre gudeøy. Me har og fleire nye deilige heimelaga desserter, blant anna Oreois, sjokolademous og brownies. Til menyen har me og sjølvsagt mykje god drikka, espresso, smotthies, heimelaga iste og i tilegg har me fått inn nye gode viner på vinkartet. Alle skal finne noke dei liker her hjå oss!
Linn Mari tar kontroll over kjøkkenet og sørger for dei deiligaste rettar, ho er nyinnflytta tysnesing og har vore i arbeid på Dickens i Bergen dei siste 7 åra. Det er ei gleda at me kan tilby ho stillingen som kjøkkensjef og det er ei stor æra for oss at ho ønskjer å ver på Mandelhuset. Me ønskjer ho velkommen og lykke til i den nye stillingen!
Sommaren på Mandelhuset vil som alltid gå bra med fint ver og god stemning, i år har me vore så heldige at Hansa har gitt oss litt støtte sånn at me kan få på plass eit «elektrisk tak» over uteserveringen på oppsida av vegen. Dermed kan me skilta med fint ver heile sommaren! Det blir sjølvsagt livemusikk og quiz i år og, musikken byrjar 15. juni. Men me har ein kickstart på sommaren no laurdag 02. juni då vår kjære trubadur Tom kjem på besøk og speler gladmusikken til oss.
Det blir fleire quizvertar i år, det er veldig kjekt å ha venner som Kåre, Marcus, Yngve og Haakon som stiller opp og fører quiztradisjonen vidare. Årets storkonsert på «Mor Di» blir med Vestlandsfanden og går av stabelen 3. august, billetter er i salg på Mandelhuset. Gled dykk!
Velkommen til oss, helsing Patrick og den fantastiske gjengen på Mandelhuset!
Opningstider:
Alle dager: 12:00 – 21:00
Torsdag: 12:00 – 01:00
Fredag – laurdag: 12:00 – 02:00