Camp Tysnesfest
2/3/2016 10:33
«I fjor hadde me 1200 gjestar, det var ny rekord» seier Bård Sværi.
Saman med May-Lill Helgesen driv han i år festivalcampen for niande gong. Dei jobbar døgeret rundt for å gi god service til gjestane.
«Me serverer frukost til 300 gjester kvar dag. Og når dei kjem heim igjen frå konsert om natta, står me klare med grillmat»
Det går shuttelbussar «heile tida» mellom campen og festivalområdet.
På grunn av stor pågang dei siste åra har me frå i år av innført at ein må bestilla og betala for campen på førehand. Dette kan gjeras via Billettservice sine sider.
Campen har dei siste åra blitt full, så me vil anbefala å vera tidlig ute. Minner om at for å bu på campen må ein ha festival- eller dagspass til Tysnesfest.
Dette kan ein òg kjøpa via Billettservice her: http://www.billettservice.no/artist/tysnesfest-billetter/885238