Brannvernveka: Open dag på 345 brannstasjonar
22/9/2010 17:29
– Dei siste åra har vi sett ein forsiktig nedgang i talet på bustadbrannar, men dessverre ein uhyggjeleg auke av omkomne i brannar. Open dag på brannstasjonen gir oss eit eineståande høve til å kome ut med eit viktig brannførebyggjande bodskap no som vi går inn i den tida på året då talet på bustadbrannar normalt aukar, seier Brannmeister Torfinn Kongsvik.
Brannøvingar står sentralt i den landsomfattande kampanjen. I tillegg til open dag på brannstasjonane, vert det arrangert ei nasjonal brannøving med over 300 000 deltakarar i 3 000 bedrifter, skular, barnehagar, institusjonar og offentlege kontor landet rundt. Brannvesenet utfordrar samtidig fleire til å ha brannøvingar også heime i sin eigen bustad.
– Borna har brannøvingar i barnehagen og på skulen, medan mange vaksne har jamleg øvingar på jobb. Men det er heime vi oppheld oss mesteparten av døgnet, og det er der brannfaren er klart størst. Derfor burde det vere opplagt at vi har brannøvingar heime òg, seier Torfinn Kongsvik og oppmodar alle familiar til å bli med på den nasjonale brannøvinga.
Brannstasjonane sin open dag er lagt opp som ein familieaktivitet. Her får born og vaksne opplæring i korleis dei kan sikre heimen mot brann. Konkurransar, sløkkjedemonstrasjonar og prøvesitjing i brannbilar er noko av det ein kan oppleve. Dessutan vert det delt ut brannverncaps til borna.
– Borna er kanskje våre viktigaste ambassadørar for å auke branntryggleiken i heimen, blant anna fordi dei lærer om brannvern i barnehagen og på skulen, seier konserndirektør Line Hestvik i If Skadeforsikring. Meir enn 1 av 4 foreldre har opplevd at borna uoppfordra har spurt om eller påpeika ting rundt branntryggleiken heime, i følgje ei undersøking TNS Gallup har gjennomført for If.
Brannvernveka vert arrangert av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, If Skadeforsikring og brannvesenet. Mange stader deltek også lokale If-kontor, el-tilsynet, sivilforsvaret, politiet og ambulansetenesta.
I vårt distrikt er det Tysnes Brann og Redning som står for gjennomføringa av arrangementet. Her inviterer vi til open dag på brannstasjonen i Uggdal laurdag 25.09.10 frå kl 11.00 til 1500
Oversikt over alle brannvesen som deltek, finnast på nettstaden www.brannvernuka.no. Her er det òg fylkesvise oversikter over alle som deltek i Nasjonal brannøving.
Kontaktpersonar:
Torfinn Kongsvik tlf 975 29 965