Brannvernveka 2012

Publisert av:
12/9/2012 11:34

9 av 10 nordmenn har ikkje avtalt med sine næraste kvar dei skal møtast utanfor bustaden dersom det byrjar å brenne, i følgje ei fersk undersøking. Familiane sine brannrutinar og brannøvingar i heimen vert hovudtema når brannstasjonar over heile landet opnar portane for publikum under Brannvernveka 17.-23. september.

– Det er skremmande at så få har avtalt ein trygg møtestad utanfor bustaden. Ved brann er det lett å koma bort frå kvarandre i kaoset som oppstår. Vårt skrekkscenario er at folk spring tilbake inn i brennande hus for å leite etter familiemedlemmar som har kome seg ut andre vegar, seier konserndirektør Line Hestvik i If Skadeforsikring.

Barnefamiliar er noko flinkare enn andre, i følgje undersøkinga som er utført for Brannvernveka 2012 av TNS Gallup nyleg. 16 prosent av familiar med barn har gjort avtale om utandørs møtestad i tilfelle brann.

– Aller flinkast er dei som faktisk gjennomfører brannøvingar i eigen heim. Av desse er det nesten halvparten som har ein fast møtestad utanfor bustaden. Dette viser kor viktig det er å øve, seier Brannsjef Torfinn Kongsvik i Tysnes brann og redning.

Betydinga av brannøvingar står sentralt i den landsomfattande Brannvernveka. I tillegg til open dag på over 330 brannstasjonar, vert det haldt ei nasjonal brannøving med over 500 000 deltakarar frå bedrifter, skular, barnehagar, institusjonar, offentlege kontor og private familiar landet rundt. Brannvesenet utfordrar samtidig fleire til å ha brannøvingar heime i sin eigen bustad.

– Barna har brannøvingar i barnehagen og på skulen, medan mange vaksne har jamleg øvingar på jobb. Men det er heime vi oppheld oss mesteparten av døgnet, og det er der brannfaren er desidert størst. Derfor burde det vere opplagt at vi har brannøvingar heime og, seier Kongsvik og oppmodar særleg alle barnefamiliar til å bli med på den nasjonale brannøvinga.

Brannstasjonane sin open dag er lagt opp som ein familieaktivitet. Her får barn og vaksne opplæring i korleis dei kan sikre heimen mot brann. Konkurransar, sløkkjedemonstrasjonar og prøvesitjing i brannbilar er noko av det ein kan oppleve. Dessutan vil det bli delt ut brannverncapsar til barna.

– Open dag på brannstasjonen gir oss eit eineståande høve til å kome ut med eit viktig brannførebyggjande bodskap no som vi går inn i den tida på året når talet på bustadbrannar vanlegvis aukar, seier Kongsvik.

Brannvernveka vert arrangert av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, If Skadeforsikring og brannvesenet. Mange stadar deltek også lokale If-kontor, el-tilsynet, Sivilforsvaret, politiet og ambulansetenesta.

I vårt distrikt er detTysnes brann og redning som står for gjennomføringa av arrangementet. Her inviterer vi til open dag på Uggdal brannstasjon torsdag 20.09.12 frå kl 1500 til kl 1800.

Oversikt over andre brannvesen som deltek, finnast på nettstaden www.brannvernuka.no. Her finnast også fylkesvise oversikter over alle som deltek i Nasjonal brannøving.

Mediekontaktar lokalt:
Torfinn Kongsvik : e post torfinn.kongsvik@tysnes.kommune.no tlf 975 29 965.

Mediekontaktar sentralt:
Emma Elisabeth Vennesland, ass. informasjonsdirektør i If Skadeforsikring
Mobiltlf 928 93 719

Odd Skarbomyr, informasjonsrådgiver i Direktoratet for samfunnstryggleig og beredskap
Mobiltlf 952 25 963

Tor Erik Skaar, informasjonsrådgiver i Norsk brannvernforening
Mobiltlf 917 24 306