Brann på Haaland

Publisert av:
26/3/2013 09:34

I går ettermiddag rykte brannvesenet ut til ein brann på Haaland.
Brannen starta i innmark, og speidde seg så til utmark med kvist og braker.
Frivillige starta sløkkingsarbeidet raskt og greidde å halda brannen i sjakk til brannvesenet kom.
Brannsjef Torfinn Kongsvik er glad for at marginane var på deira side, og rosar innsatsen frå mannskap og folk som kom til. Han fortel at dei kom seg på oppsida av brannen og fekk sløkt i forkant, slik at dei slapp å springe etter den.
Det var ei stund fare for at det tok fyr i ei hytte i området, brannen vart sløkt berre 3 meter frå hytta.

Det er mykje skog og kupert terreng på Tysnes som kan gjere sløkkingsarbeid vanskeleg, samt at det ligg ein del bustader i tilknytning til skogen.
Vidare legg han til at utrykkningane krev mykje ressursar og binder opp beredskapen. Det vil vere ei stor ulempe om mannskapet er bunde opp i ein unødig grasbrann, dersom det skulle oppstå ein husbrann eller ei trafikkulykke.

Lennsmann Lorentz Lunde opplyser at det er grunn til å tru at ei sigarettglo starta brannen som svidde av nærmare 3 dekar.
Vidare rosar han frivillige og brannvesenet, dersom dei hadde kome 5 minuttar seinare, hadde ein nok ikkje berga hytta.
Dersom folk no syner aktløyse med bruk av åpen eld, vert det reagert med bøtlegging.

Ordførar Kjetil Hestad oppmodar folk til å nyte det fine veret, men ber dei vise brannvet og respektere at det er heilt forbudt å brenne.

Dei ynskjer alle ei god påske, og minner om at:

DET ER FORBOD MOT BRUK AV ÅPEN ELD I SKOG, UTMARK OG INNMARK.