Braksiger
25/10/2009 07:12
Kor sigeren skulle hamna var det vel få som lurte på. Dei hang med så godt dei kunne i dei fyrste 10min. Då hadde Tysnes eit ”roleg” tempo og kjørte etablert angrep. Her fekk dei inn fleire fine scoringar etter bra avtalt angrep. Veldig bra!!!
Men frå der av og til slutt var det berre einvegs kjøring. Ingen som helst spenning i kampen…… det måtte i så fall vera kor stor vart sigeren??? Det var kontring på kontring, og Sotra hadde absolutt ingen sjangs til å henga med. Med ein mindre på banen heile tida, tar på kreftene, og når me kjøre kontra, måtte dei bruka uregelmentære måtar for å stoppa oss, som igjen førte til 2-min. Og dei var det mangen av……..veldig mangen!! Som igjen gjorde til at Sotra tilslutt sto igjen med 3 spelarar når det gjenstod 3 min av kampen. Då hadde dei 2xraude kort, og når ein ikkje har nye å setja innpå, så vart dette rett og slett ein parodi på ein handballkamp……..
Tysnes leia med solide 26-6 til pause, og sluttsifra vart 53-9. Ny scoringsrekord for Tysneslaget, som aldri før har passert 50-tallet før. Jentene skal ha stor ros for at dei klarte å gjennomføra ein solid kamp, sjølv med så mykje rot og usportslege taklingar.
Om me kontra mykje i forrige kamp, så vart dette kontringskamp nr 1……..24kontringsmål!!!! Og heile laget kom på scoringslista..…inkl egen keeper!! Toppscorer i kampen vart Hege med 8 mål. No er det til å lada opp til ny kamp allereie på laurdag borte mot Vaksdal.
Laget: Celine (1), Silje(7), Ingse (5), Ingvild (7), Ida (3), Merethe (3), Lene(6), Linn (7), Marion (3), Hege(8), Sara Elisabeth(2) og Viktoria(1)