Publisert av:
29/1/2009 09:50
Bowling 2.divisjon pulje 1
Tysnes Kraftlag har starta sterkt med godt spel og 2 klare seira. I siste kamp slo dei Tysnes kommune rådhuset 3 3 – 0 og Helge Hystad, Knut Aga og Karsten Heldal fekk heile 879 i pinnefall. I den eine serien hadde Helge 167, Knut 162 og Karsten 166. Når so andre serie også er god, er dei ikkje lette å slå.
Tysnes skule med Eva Kalgraf, Sigurd Bjordal og Arvid Økland spelte ein god kamp mot Umoe Schat-Harding 1 på tysdag og vann 3 – 0. Dei fekk 747 i pinnefall.
Best av alle i denne pulja i 2009 er Grete Johanne Tysnes Frøyset med 175.