Bowling 1. divisjon
29/11/2019 14:46
Optimera toppar 1. divisjon. Etter nokre middels kampar var Optimera tilbake for fullt i 7. serierunde. 1577 pinnefall er høgt, og John Henry slo til med 629 etter å ha spelt alle tre rundane over 200. Det same gjorde Glenn for Alsaker Fjordbruk. Han fekk samla 612 pinnefall. Optimera er ikkje så suveren som dei har vore dei to førre åra, men dei har ei fin leiing til dei andre laga.
Resultata frå 7. serierunde:
Palfinger 1 – Andersland Bygg 1 1290 – 1319 1 – 3
Optimera – Palfinger 2 1577 – 1190 4 – 0
Andersland Bygg 2 – Fronta 1305 – 1435 0 – 4
Alsaker Fjordbruk – Tiko 1418 – 1355 3 – 1
Pinnefall over 500.
John Henry Færevåg, Optimera 629
Glenn Femsteinevik, Alsaker Fjordbruk 612
Helge Hauge, Fronta 511
Ivo Haranovics, Optimera 506
Tommy Bjørkelund, Palfinger 1 500
Tabell kampar poeng
Optimera 7 21
Alsaker Fjordbruk 7 18
Fronta 7 17
Andersland Bygg 1 7 16
Palfinger 1 7 14
Palfinger 2 7 12
Tiko 7 8
Andersland Bygg 2 7 6
Romjulsturnering i bowling
Ynskjer du å delta i romjulsturnering i bowling? Nokre av oss har prøvd det, og det er skikkeleg artig. For meir informasjon klikk her.
Tekst: Helge Hauge