Botanisk vandring på Sandsøya
9/6/2015 15:19
Trass dårlege værmeldingar, vart turen til Sandsøya søndag 7. juni ei flott oppleving for dei 24 godt kledde entusiastene som hadde møtt opp ved båthavna på Tveit.
Turen gjekk med 5 småbåter over til øya. Etter velkomsten hos Anne Cecilie Sandsøy Lunde, guida ein alltid like engasjert Johannes Landmark deltakarane gjennom faunaen på øya.
Sjølv om faunaen bar preg av ein dårleg eller manglande vår, baud den på eit rikhaldig utval av plantar, mose, lav og tre. I tillegg ein flora med ulike tangsortar som i tidlegare tider i større grad vart utnytta til diverse formål både til dyr og menneske.
Uværet Nina hadde gjort mykje hærverk også her ute, men det var på førehand gjort mykje arbeid av Anne Cecilie og Paul Ole for å gjera vegar og stiar meir framkommelege.
Turen vart avslutta med deilige nysteikte skillingsbollar og kaffi i stova i huset der mor til Anne Cecilie, “Anny på Sandsøyo” vaks opp.
Som det framgår av biletet, engasjerte turen både to- og firbeinte tilhøyrarar fortel Lars Mæland til Tysnesingen.no.
Han ynskjer også å nytta høvet til å takka for ei flott oppleving!
Foto: Lars Mæland