Botanisk vandring på Ånuglo

Publisert av: Martha Nygård Lande
16/7/2022 09:54

Botanisk vandring på Ånuglo 10. juli 2022

Etter to års utsetting vart det endelig botanisk vandring på Ånuglo, tilrettelagt av det nye samanslåtte Onarheim og Tveit Bygdalag.

Dette var det 30 stk som ville væra med på. Men av ulike årsaker vart me tilsaman berre 24 stk på turen, med flest deltagere frå vårt nærområde, men også frå andre kanter av øya og Ølve/Hatlestrand.

Turgruppa om bord i Teigevik ved kai i Bekkjarvik på Ånuglo.

Botanisk guide på turen var som alle gonger før, Johannes Landmark. Og lokalkjent guide var Toril Lande som kom sjøvegen med far sin i eigen båt og tok imot oss på noko som vel må kallast ein anleggskai i Bekkjarvik på Ånuglo, etter ein fin tur i strålende sol over Onarheimsfjorden med Norolf Sunde sin flotte båt M/S Teigevik.

På vår vandring frå Bekkjarvik mot Hardingevågen og vidare mot Ånuglevikjo, starta Johannes i kjent stil allerede på kaikanten med å fortelja om planter me bokstavelig talt vandra rett over, samt eit teppe av markjordbær dei første 200 m av veien.

Her trakkar me midt oppi ei eng med Rundbelg

Johannes beskriver forskjellen på Firkant- og Fagerperikum

På turen over øya vandra me gjennom eit svært varierande landskap og delvis gjengrodde stier, over mosegrodde og brakekledde svaberg, langs strandkanten, gjennom skogkledde myrområde og tilslutt gjennom eit flott skogsområde med bartrær og lauvtrær.

Bilde av gjengrodde stier

Teppebelagt granskog

Trollskog

Og Johannes kunne fortelle om ulike vekster underveis og spesielt om dei som kunne vekse og trivast i strandkanten, som f.eks. tresorten Older som kan ta opp vatn både fra jorda og sjøen.

Han fortalte også levende om Skjørbuksurten og dens betydning  som svært viktig C-vitaminkilde for sjøfarande. Smaksprøver avslørte fort den sterke jernaktige smaken som kanskje avholdt mange frå å villa bruke den.

Ein rik koloni av Teiebær, med rotstengler som kunne minne om tau, og som kanskje sammen med andre rottegler kunne bli brukt til å flette små korger og liknande.

Lauvskog som veks og trivest i strandkanten

Skjørbuksurten

Skjørbuksurten, i full blomstring

Teiebær planten med rotstengler som kan minne om tau

Men det egentlige målet med turen var den unike slåtteenga på garden der mor til Toril, familien Moss voks opp. Og godt lent opp mot eit gammalt morelltre, kunne Johannes fortelle om den rike flora som her voks opp.

Mange arter var kanskje slike som ein finn mange andre plasser, men det var også eksempler på arter som ein ikkje finn så mange andre plasser og som enda til er raudlista. Han berettet om planter som saman danner nydelige buketter, som f.eks. Prestekrager, Rødkløver, Blåklokker, Forglemmegei (eller Minneblom) og forskjellige grassorter.

Endelig er me framme på slåttemarka

Johannes med bregnen Fugletelg

Utsnitt av floraen på slåttemarka

Utsnitt av floraen på slåttemarka

Den raudlista Raudknappen

Det fantes også her planter som hadde medisinske virkestoffer, eller virkninger på andre måter. Blåfjør skulle ha ein virkning på storfe som gjorde at dei gav meir melk, eller dens bakteriehemmande virkning blei utnytta før ein blei kjent med penicillin.

Johannes forteller om Blåfjør sine egenskaper

Gruppe med Blåfjør

Her kunne Inger også endelig få sjå hjertegras som ho har sett etter i mange år (egentlig kalla Bevende hjerte). Me fekk ein god beskrivelse av Bevende hjerte og Vill-lin som typiske karakterplanter på ei slåtteeng.

Johannes beskriver Bevende hjerte funnet i slåtteenga

Me fekk også sjå flotte eksemplar av orkide-planten Nattfiol, som har den egenskapen at den berre sender ut lukt om natta, i den hensikt å lokke til seg nattsommerfuglen.

Ei orkidèplante som heiter Nattfiol

Nattfiol med besøk av en nattsommerfugl (illustrasjon hentet fra en florabok)

Etter vandringen og for å prøve å fordøye alle inntrykk og forteljingar me hadde fått, måtte me her legge inn ein kort matpause i strandkanten, omkransa av Mjødurt planten, før me starta på tilbaketuren til båten som venta for å bringe oss tilbake til Årbakka, slik at dei av oss som skulle på kyrkjekonsert i Onarheimskyrkja skulle rekke den.

Mjødurt i strandkanten (illustrasjon hentet fra en florabok)

Turgruppa som raster i strandkanten

TAKK FOR TUREN!  

Bilder : Ingrid Storetvedt, Toril Lande, Johannes Landmark
Tekst : Lars Mæland