Bortetap
26/9/2010 10:49
Med siger 2-1 over Njardar i går ordna Nore Neset seg så godt som sikkert opprykk til 6.divisjon.
Nore Neset var også det beste laget i kampen. Njardar-keeper Kjartan Hagen hadde tre-fire hundreprosentredningar før dei scora 1-0 målet. Men Njardar kom tilbake. Ein stikkar frå Thomas Hagen til Ronny Hagen som satte inn 1-1 målet gav uavgjort til pause.
I 2.omgong fekk så Nore Neset sigersmålet sitt. Njardar hadde nokre forsøk på slutten til å kapra eitt poeng, men alt i alt var det nok fortent tap for dei gulkledde.
Desse var med: Kjartan Hagen, Nils Eivind Hansen, Eivind Skorpen, Knut Sigve Gjerstad, Fredrik Winther, Thomas Hagen, Ronny Hagen, Torbjørn Onarheim, Roy Inge Korsnes, Kristoffer Lie Hansen, Endre Vermedal, Raymond Epland, Daniell Hauge Hansen.