Boksignering med kystskribenten Heidi Eikremsvik

Publisert av:
27/11/2011 09:21

Heidi Eikremsvik kjem på besøk til Mandelhuset og kjem og til å prata litt om boka og for å signere bøker til dei som ønskjer det.

Før signering er det komler på menyen og her er det berre til å tinga bord. Me håper på fullt hus denne dagen, og anbefaler dei som ønskjer til ikkje å venta til siste stund med å bestemme seg. Etter eit varmt komlemåltid kan muligens ein flott signert bok bli ein  passandes julepresang?
 
Mykje av grunnen til at komler og  Mandelhuset blei med i boka kan me takka Tysnes sitt eige komlelag. Med Kaare Malkenes i spissen har komlelaget samlast i Sjøhuset den første torsdagen i månaden for eit godt stykke komlemiddag og ein kjekk sosial stund. Dette fekk Heidi Eikremsvik augene opp for og fekk det med i boka sin.

Det har vore veldig kjekt å lese boka hennes og det står mykje bra der både frå Tysnes og Sunnhordland.

Boka er i salg på Bok og Fritid i Våge.