Bokbåten Epos vitjar Tysnes
25/3/2015 16:52
Bokbåten er no på sin “Sørtur” og syner framsyninga “Damer og demonar”.
Slik er ruta på Tysnes:
Onarheim, Torsdag 26. mars
kl. 12.30-14.30, Program ca.kl.12.30
Bruntveit, Laurdag 28. mars
kl. 12.30-13.45, Program ca.kl.12.30
Lunde, Laurdag 28. mars
kl. 14.30-15.30, Program ca.kl.14.30
Dette er eit møte med forfattar og illustratør Reidar Kjelsen. Møtet er ei slags standupframsyning om det å vere forfattar og illustratør.
Sjølv skriv Reidar Kjelsen: «Forfattere kan oppføre seg akkurat slik de vil. De kan til og med tisse i vasken. Jeg brøler så høyt jeg kan og hopper rundt på pultene før du vet ordet av det. Jeg lar nemlig barna ta del i mine erfaringer med hvor slemme damer kan være. Jeg kommer til å ta opp en av guttene fra salen og dumpe han live foran resten av klassen.»
Kjelsen brukar humor og utfordrar autoriteater samstundes som han fortel om yrket sitt.
Elles vil han presentere barnebøkene sine og vise fram skisser og originalillustrasjonar.
Høgdepunktet i timen blir gjerne når han teiknar monster på flipover etter beskrivingar frå elevane.
Målsetjinga med opplegget er å gi barna auka leselyst, spesielt dei gutane som ikkje trur at bøker er tøft.
Programmet høver best for born i skulealder