Publisert av: May Britt Meland
19/3/2023 10:53
Blir rekorden slått
Antalet registrerte turar til Blåbærhaugen under Krafttak mot kreft aksjonane er imponerande. I 2020 var det 988 registrerte, og i 2021 heile 1943. I 2022 var målet å nå 2022 registrerte, det målet vart nådd med god margin. Ny rekord vart sett med heile 2058 registrerte på toppen.
Det er 7. året på rad, Alsaker Fjordbruk sponsar Krafttak mot kreft med kr 100,- for kvar tur som blir registrert på toppen.
I går, laurdag 18. mars var det registrert 1740 turar. Skal vi greie å slå rekorden frå i fjor med 2058, er det berre å ta på seg turskoene og gå både ein og to turar i dag!
Hugs du får deg ein flott tur, og du bidreg til å støtte ei viktig sak.
Det er no kl 11 fyr i bålpanna!
Takk til Lise Sjåk Dalen for bilder og oppdateringar!