Bli med på sommaren sin kulaste lesekampanje!

Publisert av:
6/6/2016 15:43

Sommarles er for alle, og du konkurrerer først og fremst med deg sjølv. For kvar bok du les og registrerer på sommarles.no, får du XP (poeng) og går etter kvart opp i nivå. I Sommarles kan du lesa både vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller du kan bli lesen for av nokon andre – all lesing tel og gjev poeng. Og sjølvsagt har me premiar. Du kan få både digitale trofé til profilen din på nettsida, og kule premiar som du hentar på biblioteket.

 

Sommarles er først og fremst nettbasert, det vil seia at du registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og kan følgja med på kva vennane dine les på nettsida sommarles.no. Her får du også tilgang til ei superspanande fantasyforteljing skrive av forfattaren Mari Moen Holsve. Sjekk ut sommarles.no for meir info.

 

(OBS! Mange born har ikkje eige lånekort, eller finn det ikkje i farta. Lånekortfeltet krevjer berre at du fyller inn eit tal, t.d. “0”.) 

 

Til foreldre/føresette: Sommarles er ein lesekampanje laga for å motivera barn til å lesa av eiga lyst. Det skal vera gøy å vera med på Sommarles. I tillegg får barna som les jamleg i løpet av sommaren halde i hevd lesekunnskapane sine gjennom ein lang ferie. Nokre barn les på fritida utan nokon ekstra motivasjon, men me veit også at dei barna som ikkje gjer det, startar opp med eit dårlegare utgangspunkt ved skulestart neste år. Me håpar at du vil hjelpe oss med å motivere barnet ditt til å vere med på Sommarles.

 

Her er ein video som viser deg korleis du skal gjere det: Bli med på Sommarles! https://www.youtube.com/watch?v=zsKSAHtCy4Q

 

Sommarles er ein flott lesekampanje uansett kor de skal feriera i sommar, ta turen innom sommarles.no for meir informasjon!

 

—