Bli med på Reksteren rundt
21/3/2023 11:18
Tysnes Turlag og Reksteren Idrettslag inviterer til «Reksteren rundt til fots» palmesøndag 2. april.
Avgong klokka 10:00 frå parkeringsplass ved Sør-Reksteren gravplass, Rekstravegen 181.
Turen går først på skogsveg, men så over til sti oppover mot Dalstuva. Vidare over Middagsvarden til Gjøvågsvarden. Herfrå går turen sørover på vestsida av Reksteren via Fuglevatnet og til Frøkedalsvatnet.
Grilling og mat ved Frøkedalsvatnet om været tillét det.
Turen nordover til Gjøvågsvarden vil ta 2,5 – 3 timar. Stort sett same tid tilbake til bilane slik at turen er berekna til 6 timar. Pluss pausetid. Det vert teke rastepausar ved behov, men Dalstuva og Gjøvågsvarden kan by på flotte utsyn.
Reksteren Idrettslag stiller med turguide.
Turen går i myr og skog så godt fottøy er viktig. Det vert ein del opp- og nedstigningar så god fysisk form er ein fordel.
Kle deg etter været og ha med mat til turen!