Publisert av:
30/8/2017 10:05
Blåbærhaugen
Onarheim Bygdalag og Onarheim Idrettslag vil også i år utfordra dåke til å gå 30/20 turar til Blåbærhaugen.
Tidspunkt: 1. september til 31. oktober 2017.
Det blir lagt ut registreringskort i postkassen på Blåbærhaugen. Detta tek du sjølv vare på, og skriv navn, telefon nr. og dato for kvar tur.
Når kortet er fullt legg du det i den grønne postkassen på Blåbærhaugen.
Det vert trekt ein vinnar blant dei som fullfører 30 turer og ein blant dei som har gått 20 turar i løpet av perioden.
Vinst for 30 turar, er «ditt gavekort», verdi kr. 2 000,-
Vinst for 20 turar, er «ditt gavekort», verdi kr. 1 000,-
God tur!