Bjørn Eidsvåg til Tysnesfest

Publisert av:
1/3/2012 06:01

Den folkekjære låtskrivaren og musikaren, Bjørn Eidsvåg, har eit helt spesielt tak på publikumet sitt.

Med sine vakre melodiar og sjelfulle tekstar appellerer Bjørn Eidsvåg til mange av oss.
Det som på mange måter karakteriserar Bjørn Eidsvåg som artist, er at han er prest. Men sjølv om han er livssynforankra, har han gjennom heile karrieren sin stått på retten til å seie det han vil – uavhengig av livssynsbåsar. Med tekst og musikk har han vist ein sterkt ynskje om å kommunisera med alle. Sjølv definerar Bjørn Eidsvåg seg meir som ein kulturarbeidar enn som musikar og artist.
Imponerende platesalg

Sidan debutalbumet kom ut i 1976, har Bjørn Eidsvåg turnert Norge på kryss og tvers ei rekke gonger, og berika oss med heile 24 album som til saman har solgt over ein og ein halv million eksemplar. I dei seinare åra har han kome ut med samlealbumet “De beste” (2009), og i 2010 gjekk han rett til topps på albumlista med “Rundt neste sving”.

Bjørn Eidsvåg har vore nominert til Spellemannsprisen 11 gongar, blant anna for “Live in Ny York” (1981), “Passe gal” (1983), “Landet lenger bak” (1995) og “På svai” (1997). I 1990 mottok han Spellemannsprisen for “Alt du vil ha”. Bjørn Eidsvåg blei kåra til Årets Spellemann 1997, og i 2002 mottok han Spellemannsprisen Årets låt for duetten “Mysteriet deg” med Lisa Nilsson. Sist Bjørn Eidsvåg var nominert var for plata “Pust” som kom ut i 2008. Her blei han nominert i kategoriane Årets mannlege artist og Årets tekstforfattar (sistnevnte for låta “Jerusalem”).