Bilulukke

Publisert av:
19/8/2011 11:47

Litt før klokka 13 i dag velta ein bil og vart liggjande på sida like ved avkøyrsla til Tysnes bedehus. Det var to personar i bilen som ikkje klarte å koma seg ut.

Både politi, brannbilar og legehelikopter kom til staden. Bilen skal ha kome borti autovernet, tippa og vart ståande på høgkant. Personane i bilen vart sitjande fast i selen, før dei fekk hjelp frå redningsmannskap.