Publisert av:
27/6/2011 18:27
Bil utan folk
Natt til søndag fekk lensmannskontoret melding om at ein bil var funnen ved Gjersvik. Den låg utfor vegen på seks-sju meters avstand.
Då politiet kom til staden fann dei ingen person i eller rundt bilen. Men eigaren vart spora opp og vedkomande måtte gje blodprøve då det ligg føre mistanke om køyring med promille.
Det er Sunnhordland som melder dette i dagens avis.