Best åleina

Publisert av:
5/3/2010 18:46

Som følge av oppslaget i BA hin dagen der Bergens-politikaren Eivind Nævdal-Bolstad foreslo å redusera antal kommunar i Hordaland til åtte, hadde BA i går snakka med diverse ordførarar om saka. Deriblant Tysnes-ordførar Helge Hauge som var avbilda over nær halve sida i artikkelen som var stort slått opp.

Til BA seier Helge Hauge at det verkar unaturleg for han at ein skal skapa ein kommune der ein må ty til ferjesamband internt i kommunen.

– Når me har ferjefritt samband på plass ville eg vurdert det på nytt, seier ordføraren til BA. Men sjølv då vil han ikkje vera noko særleg begeistra over ein samanslåing med Stord.

– Det er rimeleg stor skepsis mot Stord her nede. Rolla deira som regionsenter løyser dei ikkje nok. Dei er ikkje rause nok mot andre. Stord er seg sjølv nok, seier Hauge til avisa.