Publisert av: Vegard Aslaksen
22/10/2019 21:39
Besøksrekord på Seniorlunsjen
I dag var det 70 stk til seniorlunsjen på OnarTun. Seniorlunsjen starta med oppmøte på om lag 40 personar fyrste gongen, så dette er ny besøksrekord. Denne gongen kom det til og med tilreisande frå Stord. “Nesegutane”, Arne Kleppe og Helge Olav Instøy stod for litt musikalsk underholdning. Ut frå bileta å døma tyder mykje på at det både var god mat og god stemning på Onartun denne regntunge Tysdagen.
Her kjem til lite bildedryss. Foto: Lea Rehling Qvistgaard