Begynt på byggjefelt

Publisert av:
9/6/2009 13:08

Rune’s Maskin er begynt med utgraving av byggjefeltet som skal koma mellom Vassbakken og Kattaland.

Dette vil bli solrike tomtar med flott utsikt. Ein reknar med at ein på slutten av året vil nærma seg ferdiggjering av feltet. Det opplyser ordførar Helge Hauge til Tysnesingen

– Me vil leggja opp ein strategi for korleis me skal møta dei som ønskjer synfaring etc, men i utgangspunktet vil me venta til feltet er ferdig opparbeidd før me går laus på salsarbeidet, seier Hauge.