Båtlaget Njord/Tysnes med mange tilbod til dei som likar seg på sjøen
13/6/2020 09:01
Båtlaget Njord/Tysnes kjem med mange aktivitetar i sommar og utover hausten.
Grunna koronasituasjonen vert sesongen 2020 ulik tidlegare år, og mellom anna er sommarregattaen 20. – 21. juni avlyst.
Likevel vil båtlaget gjennomføre mange andre aktivitetar.
Mandag 22. juni til fredag 26. juni blir det “Sjøsportveko 2020”. Dette er for born i alderen 8 – 14 år, der dei får lære meir om jollesegling, sjømannskap, og mange andre kjekke og nyttige aktivitetar på sjøen. Dette er populært, så i år er det allereie fullteikna.
Søndag 5. juli har dei ope møte i Njordstø, der tema er “Å arrangere regattaer”.
Båtlaget skal arrangere Oselvar NM i 2023, og ynskjer å styrke den lokale kompetansen når det gjeld å arrangere regattaer. Dei vil difor svært gjerne koma i kontakt med personar som er interesserte i segling, og som kan tenkja seg å læra meir om dette. Og ikkje minst, dei ynskjer å koma i kontakt med personar som har vore aktive seglarar tidlegare, og som no kunne tenkja seg å vera med i eit seglarmiljø igjen.
Laurdag 11. og søndag 12. juli vert det treningshelg, der ein kan få prøve seg på segling med spriseglare. Dersom nokon vil prøve seg med joller eller andre båttypar, så kan også det vera mogeleg.
På grunn av korona må ein overholde nasjonale retningslinjer. Difor gjeld 1 meters regelen for personar som ikkje er i familie/bur saman, dvs. maksimum 2 personar i ein oselvar og 1 person i joller. Regattaene vil også bli brukt til opplæring av personell på land og i følgjebåtar.
Laurdag 8. og søndag 9. august vert det treningshelg – Challenger Sails
Dersom det blir arrangert NM 15. -16. august, vil dette bli treningsregatta for NM-deltakarane. Viss ikkje, vil ein forsøke omtrent
same opplegg som 11. og12. juli.
Truleg vil «1-metersregelen» også gjelda då, med dei avgrensingar som det gir. Regattaene vil også bli brukt til opplæring av personell på land og i følgjebåtar.
I september/oktober vil det verta ope kurs for personar som er interessert i å vera med å arrangera regattaer. Kurset er også ope for alle seglarinteresserte/aktive seglarar.
–