Publisert av: Martha Nygård Lande
19/8/2020 10:20
Båtlaget Njord/Tysnes har fått ei kjærkomen gåve
Båtlaget Njord/Tysnes har fått ein zoom8 jolle i gåve.
Andreas Helland, som har hytte på Tysnes, har sigla i mange år for Hjellestad Seilforening, men har no lagt siglinga på hylla. Han har sigla zoom8, og har deltatt i fleire norgescupar, norgesmeisterskap og VM i Sverige.
Han har no gitt båten sin til båtlaget. Båten er komplett med rigg, 2 seil, tralle og trekk.
Båtlaget Njord/Tysnes har no i alt 4 slike joller, i tillegg har dei 10 optimistjoller, som er noko mindre.

