Basar, underholdning og kafè

Publisert av: Martha Nygård Lande
20/11/2025 15:05

Tysdag 4. november heldt 6. klassane på Tysnes skule, saman med Tysnes Bygdekvinnelag, basar på skulen.

Hovudpremien, eit lappeteppe, som var sett saman av lappar som elevane strikka då dei gjekk i 5.klasse, av garnet dei farga då dei gjekk i 4.klasse.

Farging av garn våren 2024

I tillegg hadde medlemar av Bygdekvinnelaget gjeve nokre fleire gevinstar, som strikka, hua, vottar, sokkar og panneband.

Og no i 6.klasse har dei fått Mat og Helse på timeplanen, så dei hadde baka kaker som dei selde på basaren.

Forberedelse til basaren

Steiker vafler og lapper

Foreldre, søsken og besteforeldre var invitert, og inntekta hadde elevane valt, skulle gå til Barnekreftforeininga på Vestlandet

Leiar i Bygdekvinnelaget, Jorunn S. Bjordal,  opna med ei helsing frå Barnekreftforeininga, og så var det underhaldning med song og musikk av elevane før basaren starta.

Torunn Hesjedal, vart den heldige vinnar av teppet.  Og det kom inn Kr 19 500,- på basar og sal av kaffi og kaker.

Tekst og bilete: Tysnes Bygdekvinnelag