Basar i Vonheim
5/11/2018 16:10
Tysnes Ungdomslag arrangerte basar i Vonheim Søndag. Mange hadde teke turen for å ta del i det tradisjonsrike åresalet og delta i trekningane. I alt fekk ungdomslaget inn 46.210 kr på basaren.
Trekningane gjekk føre seg elektronisk ved hjelp av “Super duper fantastisk tall maskin” – av Stian Øvrevåge, godt akkompagnert av kveldens speaker Yngve Vevatne.
Ungdomslaget hadde i tillegg solgt ut mange loddbøker på førehand.
Trekningslista på bok vart som følgjer:
Tysnesfestpass: 5 – 128, Bjarte Frugård
Trerettar for to på Mandelhuset: 7 – 421, Sivert Smith Skaten
Google Home smarthøgtalar: 7 – 202, Eva Kalgraf
Kjøt i frå Garden på Dalland: 6 – 431, Martin Restad
Proseccolunsj for to på Haaheim Gaard: 2 – 123, Svein Økland
Turbukse gitt av Tysnes Helselag: 4 – 435, Victoria Søreide
Foto; Steffen Opdal