Avslutta med siger

Publisert av:
1/11/2016 09:46

Haustsesongen vart ganske tung for G 16.Fleire spelarar gav seg i sommar, og difor har laget måtta teke med spelarar frå G13 for å ha nok.

Likevel reiste laget med berre 10 spelarar til kampen mot Gneist 5 på Liland 8/10.

Spelarane har stått på sjølv om det har butta imot, og i dei to siste kampane kapra laget poeng.

Heime mot Fyllingsdalen 5 ( 22/10) vart det 2 – 2, og i den siste kampen mot Austevoll 3 (29/10) vann Njardar/Tysnes 6 – 2.
Her fekk me også sjå litt av det me har venta på. Midtbanen kriga og vann ballen høgt opp på banen noko som førte til at Njardar/Tysnes dominerte heile kampen. Det var også midtbanen som scora måla. Einar hadde fire flotte mål, ei heading og tre langskot. Sigbjørn og David stod for dei to siste.

I periodar spelte Njardar/Tysnes god fotball. Pasningane trefte stort sett der dei skulle, og heile laget kjempa godt. Det er litt synd å gje seg no når det endeleg fungerte.

Mange spelarar går no ut av G 16, og i 2017 vert det i beste fall eit sjuarlag.

Desse var med mot Austevoll: Knut Jørgen Nesland, Viljar Kaldefoss,Sjur Håvik, Ayleen Hagen, Sjurd Pedersen, Isak Enes, Sigbjørn Dahle, Einar Stikholmen, Remy Gundersen, Jakob Lønningen, Emre Hagen, Kristoffer Rojas og Øyvind Helvik 

Tekst: Helge Hauge