Publisert av: Martha Nygård Lande
4/9/2019 17:34
Avgjersle om brukryssing av Langenuen
I dag har fleire media meldt at det vert pressekonferanse på Stord i morgon, torsdag, der ein skal få vite kvar brua over Langenuen skal kryssa. NRK Hordaland skriv at regjeringa har bestemt seg for sørleg fjordkryssing. Samferdselsminister Jon Georg Dale (FrP), kommunalminister Monica Mæland (H) og finansminister Siv Jensen (FrP) kjem alle til Stord i morgon.