Auka interesse for golf

Publisert av:
24/5/2009 15:52

Rune Folgerø hos Dalen Golf opplyser til Tysnesingen at dei no innfører faste treningsdagar to gonger i veka. Det vert onsdagar kl. 1830 og søndagar kl. 1700.

– Dette gjeld for alle aldersgrupper og alle nivå, nybegynnarar eller meir erfarne. Så møt opp, det vert moglegheit for opplæring og rettleiing, oppmodar Folgerø.

Manglar du utstyr er det ikkje noko problem. – Er det nokon som treng golfutstyr, ta kontakt med oss. Me har golf sett, ballar og hanskar på lager, seier han.

Ynskjer du meir info, kan du kikka innom nettsida dalengolf.no.