Årsmøte i Tysnes Senterparti

Publisert av:
27/11/2015 13:16

Godt arbeid i alle ledd i løpet av året gav dobling av talet på representantar i kommunestyret. Varaordførar og to representantar i så vel formannskap som Tenesteutvalet og Landbruk/Teknisk vil syta for at Sp vil vera med å prega politikken dei neste fire åra. Andre medlemmer finn dette inspirerande, og gruppemøta etter valet har hatt stort frammøte. Der får medlemmene høve til å påverka politikken til Sp.

Årsmeldinga viser stor auke i talet på medlemmer, og grunnlaget for vidare auke er god. Studieleiar, Henrik Aakre, har gjort ein flott jobb, og fem studieringar var godkjende.

Valet gav følgjande utfall.
Leiar: Helge Hauge, attval
Nestleiar. Ole Christian Kjerrgård, ikkje på val
Kasserar. Inge Malkenes, ikkje på val
Studieleiar. Solfrid B. Smith, ny
Styremedlem: Vilhelms Staskevics, ikkje på val
Styremedlem. Beate Storesætre, ny
Varamedlemmer: Henrik Aakre og Ragnhild Malkenes
Kristin Kleppe er gruppeleiar og møter i styret.

Styret sitt framlegg til kontingent, budsjett og aktivitetsplan vart godkjent. Aktivitetsplanen viser at laurdag 28. mai vert det historisk rundreise på Tysnes med lunsj på Haaheim. Denne vil vera open for andre enn medlemmene..

Jostein Ljones, fylkesleiar og nyvald ordførar i Kvam gjesta årsmøtet. Han gjekk gjennom mange av dei reformene som alle har som føremål å sentralisera styringa i landet. Dei store taparane er distrikta. Jostein var både inspirerande og motiverande. Han kom også inn på Frank Aarebrot sin karakteristikk av Senterpartiet. Sleggepartiet tyr du til når du har bruk for det. Jostein var også innom mange andre saker som for tida er aktuelle

Spørsmål og kommentarar viste stort engasjement. Til slutt  drøfta møtet dei sakene partiet skal fremja i tida framover. 

Helge Hauge