Publisert av:
11/8/2011 10:53
Arbeid med nytt kryss
Rune’s Maskin har fleire maskiner i arbeid i botnen av Dallandsbrekka. Det skal bli nytt “Windsor-kryss”.
Når det nye krysset er ferdig vil ein svinga inn mot Windsor og Vågsmarka litegrann lenger oppe når ein køyrer frå Våge mot Uggdal enn kva tilfellet er i dag. Den nye vegtraséen vil koma inn bak Windsor og ein kjem også rett inn til krysset der ein køyrer til dei ulike felta i Vågsmarka.
Ved hovudvegen vil det også koma ny busslomme. Det er også laga til ei større og betre avkøyrsle for dei som skal over Lande.