Altibox-utkopling

Publisert av:
28/11/2010 09:10

Natt til tysdag 30.november frå kl 01:00 til kl 06:00 vil det bli utført eit større arbeid på fiberoptiske kablar på Stord.

Dette råkar sambandet for Altibox-leveranse til Tysnes slik at alle kundar vert utan breiband i deler av denne perioden.

Tysnes Breiband ber om forståing for at leverandøren vår må utføre vedlikehald på fibernettet, og håpar utkoplinga ikkje medfører store ulemper for kundane våre på Tysnes.