Altibox-kundar får ny TV-portal
28/10/2014 13:29
Den nye tv-portalen frå Altibox har fått eit moderne og ryddig design, er blitt enno enklare i bruk og har fått ny funksjonalitet.
Utvikla saman med kundar
– At kundane er nøgde betyr alt for Tysnes Breiband. Me er stolte av å kunna tilby ein ny TV portal som er tilpassa kunden sine brukarvanar og høge krav, samstundes som ein kan kjenna att den gamle TV-portalen. Og den er enkel i bruk, sier Ingrid H. Haaland i Tysnes Breiband.
TV-portalen frå Altibox er utvikla i tett samarbeid med kundane. I løpet av de siste månadane har 300 Altibox-kundar testa portalen og komme med innspel.
– Kundane skal vera trygge på at me gjer alt me kan for å forenkla og forbetra den digitale kvardagen, og at me lyttar til deira ynskjer, seier Ingrid H Haaland.
Nytt grensesnitt
I den nye TV-portalen kan kundane ved hjelp av store ikon enkelt manøvrera mellom tenester som ny tv-guide, filmleige, eigendefinerte favorittkanalar, programopptak, radiokanalar, akvarium og peis. Nokre tenester som har vore lite brukt er fjerna.
Under kanalbyte vil ein sjå logoar i staden for kanalnamn i mini-programguiden, som er plassert nedst i TV-bildet. Den nye portalen legg seg alltid fremst i TV-bildet, og lar kunden bla i menyane utan å gå glipp av det som skjer på TV. Det er også blitt enklare å bestilla og endra tv- og internett-tenester ved hjelp av fjernkontrollen.
Klargjer neste generasjons tv
Kundar som har opptaksfunksjon kan allereie no starta opptak på tv-dekodar ved hjelp av appen Altibox TV Overalt. Snart kan kundane også velja om dei vil leiga film via telefon og nettbrett. Fleire nyhende vert lansert i 2015. I løpet av neste år vil kundane også kunna sjå programopptaka sine frå mobil eller nettbrett i tillegg til på vanlig tv. Då vil Tysnes Breiband begynna utrulling av neste generasjons dekodarar og opptaks-dekodarar(PVR) frå Altibox med fleire nye funksjoner.
– TV-kundane våre går eit spanande år i møte, seier Haaland.
Kontaktperson:
Breibandskoordinator Ingrid H Haaland, mobil: 97 47 00 50
Les mer på Altibox.no
http://bit.ly/1nM18pY