Akvarellutstilling i Hålandsneset Grendahus

Publisert av: May Britt Meland
28/7/2024 08:02

Fantastisk respons på første dag av akvarellutstillinga til Lillian Tindvik. Kunstinteresserte var på besøk heile tida og seks bilder vart seld. Lillian er strålande tilfreds.
Dei første besøkjande fekk ei innføring i arbeidsmetoden ved akvarellmaling. Ein startar med dei lyse fargane for så å leggje på mørkare og mørkare. Det aller lysaste er sjølve bommullerretet, slik at vert noko feil, er det berre å starte på nytt med nytt lerret.
Lillian maler utan hjelpestrekar, men rett frå hovudet og via penselen og ut på lerretet. Ein krevande metode som resulterer i ein del vrak.

Utstillinga er open også søndag 28. juli mellom 12:00 og 18:00.
Kunstnaren er tilstades heile tida, og kan rettleie om du vil starte med akvarellmaling.

La ikkje denne sjansen gå frå deg til å sjå akvarellkunst på høgt nivå.

Tekst og foto: Per Verner Aase