Aktive bygdekvinner
17/1/2020 10:43
Tysnes bygdekvinnelag har allereie ein rikhaldig møteplan for våren. Dei månadlege treffa er lagt til ulike stader på Tysnes. Kvart møte har eit eige tema, og som ein ser er det varierte og interessante tema på timeplanen.
Måndag 3. februar kl 19.00 bygdekvinnetreff på Bygdastova på Flatråker.
Tema : “Uren Luren” kåseri av Olav Skjellevik.
Måndag 2. mars kl 19.00. Bygdekvinnetreff i Våge på Aktivitetssenteret i Trinagel.
Tema: Smarte råd for lave skuldre ved fysioterapeut Ingunn Langlo.
Måndag 20. april kl. 19.00. Bygdekvinnetreff på Onarheim i skulehuset.
Tema: “Psykisk helse” Me får besøk av ein psykiatrisk sjukepleier.
Måndag 18. mai kl 18.00. Bygdekvinnetreff i Uggdal på gamle Tinghuset .
Tema: Utstilling “Gamal stove”. Sigurd Bjordal frå Sogelaget fortel frå historia om huset.
Fitjar og Huglo Bygdekvinnelag vert invitert.
Måndag 15. juni kl 18.00. Sumaravslutning på Ole Vågehuset i Uggdal.
Meir info kjem seinare.