Aksjonerer for lokal handel
19/10/2016 06:52
«Handle lokalt – velg nærbutikken» er slagordet for kampanjen, som blir arrangert i samarbeid med det statlege Merkur-programmet for distriktsbutikkar.
Kampanjen vil fokusere på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasje og stimulere til meir lokal handel.
– Når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde både nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Vi ønskjer å takke kundane for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda, seier kommunikasjonsrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.
Det er venta at 300 butikkar over heile Norge vil delta i den nasjonale kampanjen for lokal handel. Aksjonen har fått støtte frå Norges Bygdekvinnelag, som også er opptatt av bygdeutvikling.
Alle som kjem innom lokalbutikken i dagane før aksjonsdagen, vil få utdelt ein flyer med gode argument for lokal handel. Dei vil også få ein invitasjon til aksjonsdagen.
Lørdag vil butikken setja opp ein stand med servering av gratis kaffe, brus, is og kaker til kundane. Representant frå Uggdal Bygdalag vil vera med, og me vil gjenta fjorårets quizsuksess. På denne måten ønskjer butikkane å setje pris på kundane sine.
– Merkur jobbar for å utvikle daglegvarebutikkar i distrikta, slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur på bygda, brukar lokalbutikken sin i størst mogleg grad. På den måten kan vi sikre utsette butikkar, og skape eit miljø rundt lokalbutikken. Utan butikk er det vanskeleg å få til vekst og tilflytting i ei bygd, seier Per Kjetil Jørgensen i Merkur.