Aksjon bustadbrann
29/11/2013 07:00
Komfyren er brannverstingen i Hordaland
Omkring 17 prosent av alle bustadbrannar i Hordaland blir bokstaveleg talt tilverka på komfyren. Det viser nye tal frå DSB for perioden 2002-2012. Komfyren er den største enkeltårsaka til brann i Noreg.
Det er store skilnader på fylka. I Oslo startar heile 21 prosent av bustadbrannane på komfyren, medan det i Buskerud berre er 8 prosent.
– Dei fleste komfyrbrannar skjer på dagtid og rammar eldre menneske, men det er i brannar om natta at flest omkjem. Då er det gjerne relativt unge menneske i alkoholpåverka tilstand som blir ramma. Påverka personar har svekt dømmekraft og merksemd, samtidig som dei har lett for å sovne frå komfyren, seier varabrannnsjef Vidar Lid
For å setje søkjelyset på brannvern i heimen, arrangerer vi kampanjen Aksjon bustadbrann i desember. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Norsk brannvernforening og Gjensidige står bak kampanjen, medan representantar frå brann-/feiarvesen, det lokale elektrisitetstilsynet og lokale Gjensidige-kontor står for den praktiske gjennomføringa. Lokalt er det Tysnes brann og redning som står for gjennomføringa av kampanjen.
– Så godt som alle komfyrbrannar kjem av tørrkoking og ikkje tekniske feil ved produktet. Det finst likevel teknisk utstyr, såkalla komfyrvakter, som kan førebyggje komfyrbrannar ved at komfyren slår seg av når ein farleg situasjon oppstår. Vi rår alle til å installere komfyrvakt, seier Lid.
Cirka 40 000 husstandar over heile landet får 3.-5. desember besøk av lokale brannvesen/feiarvesen og elektrisitetstilsyn, med tilbod om gratis og uforpliktande sjekk av brann- og eltryggleiken i bustaden.
– Det dreier seg ikkje om eit tilsyn i vanleg forstand, men om ein enkel kontroll, med rettleiing og informasjon. For bebuarane er sjekken frivillig, og kontrollørane vil legitimere seg når dei ringjer på, seier varabrannsjef Lid.
Kvart husbesøk tek cirka 30 minutt med kontroll av desse forholda:
– Varslingsutstyr
– Sløkkjeutstyr
– Elektriske apparat og anlegg
– Eldstader og skorstein
– Rømmingsforhold
Meir informasjon om førebyggjande brannvern finn de på www.aksjonboligbrann.no og på Facebook.
Kontaktpersonar lokalt:
Varabrannsjef Vidar Lid.
Kontaktpersonar sentralt:
DSB: Avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen mobil 975 52 424
Gjensidige: Fagdirektør brann Odd A. Rød mobil 916 38 649
Norsk brannvernforening: Adm. direktør Dagfinn Kalheim mobil 977 59 029