Aksjon bustadbrann
28/11/2012 09:16
Minst 42 prosent av bustadbrannane i Hordaland skuldast feil i el-anlegg eller feil bruk av elektrisk utstyr. Det viser nye tal frå DSB for den siste tiårsperioden.
Dei tre største brannårsakene i Hordaland i perioden 2002-2011 er open eld med 28 prosent, feil bruk av elektrisk utstyr med 23 prosent og feil i el-anlegg med 19 prosent. I 16 prosent av brannane er årsaken ukjend.
– Kos med levande lys, bruk av peisen og auka bruk av elektrisitet og elektrisk utstyr, kanskje i kombinasjon med alkohol, fører til auka risiko for brann i desember. Det er viktig å tenkje branntryggleik, sjølv om ein hyggjer seg, seier brannsjef Torfinn Kongsvik.
For å setje søkjelyset på branntryggleik i heimen, blir kampanjen Aksjon bustadbrann arrangert i desember. Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, Norsk brannvernforeining og Gjensidige står bak kampanjen, medan representantar frå brann-/feiarvesen, det lokale elektrisitetstilsynet og lokale Gjensidige-kontor står for den praktiske gjennomføringa. Lokalt er det Tysnes brann og redning som står for gjennomføringa av kampanjen.
– Det kostar ikkje mykje å kjøpe røykvarslarar til bustaden din, men dei kan redde livet ditt. Alle bustader er pålagd å ha minst éin fungerande røykvarslar, som kan høyrast på alle soverom med lukka dør. Det beste er å ha samankopla røykvarslarar i alle rom. Då pip alle varslarane samstundes ved brann, seier Torfinn Kongsvik.
Omlag 40 000 husstandar over heile landet får 4.-6. desember besøk av lokale brannvesen/feiarvesen og elektrisitetstilsyn, med tilbod om gratis og uforpliktande sjekk av brann- og eltryggleiken i bustaden.
– Det dreiar seg ikkje om eit tilsyn i vanleg forstand, men om ein enkel kontroll, med rettleiing og informasjon. For bebuarane er sjekken friviljug, og kontrollørane vil legitimere seg når dei ringjer på, seier Kongsvik..
Kvart husbesøk tar omlag 30 minutt med kontroll av følgjande tilhøve:
– Varslingsutstyr
– Sløkkjeutstyr
– Elektriske apparat og anlegg
– Eldstader og skorstein
– Rømmingstilhøve
Meir informasjon om førebyggjande brannvern finn de på www.aksjonboligbrann.no og på Facebook.
Kontaktpersonar lokalt:
Torfinn Kongsvik brannsjef 975 29 965. Vidar Lid varabrannsjef 930 03 228.
Kontaktpersonar sentralt:
DSB: Avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen mobil 975 52 424
Gjensidige: Fagdirektør brann Odd A. Rød mobil 916 38 649
Norsk brannvernforeining: Adm. direktør Dagfinn Kalheim mobil 977 59 029