Siger til G14

Publisert av:
15/10/2012 19:26

11ar laget vann den siste seriekampen for året 3 – 2. Motstandar var Frøya 2.

Prestasjonane svinga kraftig for Njardar/Tysnes med ein god førsteomgang og ein svak andre omgang. I første omgang spelte laget til tider opp mot sitt beste. Spelarane fann kvarandre med pasningane, og laget spelte seg til gode målsjansar. Arlid Flornes sette tre av sjansane i mål, og det hadde ikkje vore noko å seia på om Njardar/Tysnes hadde leia med fleire mål ved pause.

I andre omgang kom Frøya høgare på banen, og dei hadde funne ut av enkeltspelarar hos heimelaget. Når Njardar/Tysnes også fall nedpå, vart det etter kvart spennande om Njardar/Tysnes skulle sikra sigeren. Frøya scora to mål, og var nære på fleire gonger, men Njardar/Tysnes klarte å ri det av. Dermed avslutta Njardar/Tysnes haustsesongen med siger.  Mange spelarar har gjort store framsteg i løpet av sesongen, og med god trening i vinter, kan dei ta nye steg neste sesong.