Heimetap for G14
23/9/2012 20:02
Sjølv om det vart tap, var dette årsbeste for laget og mange av spelarane. Njardar/Tysnes har halvparten 98 og den andre halvparten av spelarane er fødde i 99 medan motstandarane har reine 98 lag.
I første omgang hadde Sandviken/Varegg eit lite overtak, men dei kom sjeldan til klare målsjansar. Forsvaret og midtbanen til Njardar/Tysnes spelte disiplinert, men to gonger glippa det og dermed stod det 0 – 2 til pause.
I andre omgang overtok Njardar/Tysnes. Laget kom høgare på banen, og spelarane trødde til i duellane. Kluss i forsvaret gav bortelaget eit nytt mål før Arild Flornes reduserte for Njardar/Tysnes. Sandviken/Varegg fekk eit nytt mål. Så reduserte Ludvik Dalland to gonger i løpet av minuttar. Njardar/Tysnes pressa på, men det vart ikkje fleire mål.
Spelarane lukkast med det ein har trent på i det siste. Pasningane nådde i større grad fram til medspalarar, og i duellane var spelarane tøffare.
Desse spelte. Martin Bakke, Kenneth Dalland, Johannes Haugsgjerd, Karl Henrik Helgesen, Sondre Flygansvær, Håkon Knudsen, Vegard Kleppe, Sindre Økland, Eivind Martinsen, Arild Flornes, Ludvik Dalland og Thomas Hjelland