Tøff start

Publisert av:
2/9/2012 08:46

I gårsdagens bortekamp mot Smørås fekk Njardar sitt a-lag ein verst tenkjeleg start. Heimelaget tok avspark, slo eit par pasningar og vips så leia dei 1-0 – etter berre 15 sekund.

Njardar var tydeleg ikkje vakne, for før kvarteret var spelt fekk Smørås to til inn og leia 3-0. Njardar skjerpa seg så litt og hadde 3-4 gode sjansar til redusering, men effektiviteten var ikkje like god som vertane. Dei gjekk nemleg opp til 4-0 før pausen.

I 2.omgong hadde Njardar ein god periode og spelte seg fram til nokre målsjansar. Men igjen vart det litt for unøyaktig, i motsetnad til Smørås som var god på dei korte pasningane. Dei spelte seg gjennom to gonger til og sluttresultatet vart til slutt heile 6-0.

Desse var med: Kjartan Hagen, Rolf Elling Utne, Daniell Hauge Hansen, Alf Sundal, Raymond Epland, Torstein Flakke, Terje Vevatne, Andreas Langeland, Nils Eivind Hansen, Fahri Akyuz, Ørjan Malkenes, Gunnar Hansen.