God morgon Tysnesfest

Publisert av:
28/7/2012 20:18

Kvar morgon under Tysnesfest hadde me eit frukostshow i Bermudateltet. Med god oppslutnad rundt dette vart det også kniving blandt gjestene i konkurransen me hadde dagleg, der ein ved å gissa tydinga av utvalde ord og uttrykk frå Tysnesmålet kunne vera med å tevla om å vinna ein eksklusiv Tysnesfest-kopp. Det var mange svar, nokon riktige, nokon artige, og enkelte særdeles kreative! Uansett, her er fasiten, og namn på alle vinnarane:

Torsdag: Oss frå Bjørkheim/Bøtun Botavon – når noko er råd å vøla. Er det råd å å bøta sokkane, – då er det botavon for dei.

Fredag: Lars Johan Næs Møsebrøm er det samme som prim.

Laurdag: Hans Borgen Å passa smoget betyr å nytta høvet.

Sundag: Ragnhild O. Tornes Det skapande grand – ingenting, nokon ting. Du gjer ikkje det skapande grand – du gjer ingen ting.

Premiar kan hentast på festivalkontoret frå 9. august. Uavhenta premiar vert tilsendt i posten. Me nyttar samstundes høvet til å takka alle gjester for at de kom, åt, observerte og deltok i konkurransane. Me takkar også flotte gjester for både deira vesen og deltaking!

Takk for alle saman, og velkommen attende neste år for nye utfordringar!

Pedagogisk og tevlande helsing, Anders & Marcus