Stille

Publisert av:
23/7/2012 14:03

Stille, eit lite dikt, – ein enkel melodi, alt dette laga til minne om dei som mista livet 22. juli 2011.

Anders Bakke skreiv diktet rett etter sjølve hendinga, melodien laga av Kolbjørn Tvedt kom etter kvart.

På sjølve dagen eitt år etter spela Endre Hodneland (piano/gitar) og Marianne Tvedt (vokal) den inn i studio og la den ut på YouTube.

Dette er vår måte å visa respekt og omtanke med dei som sit att, og det heile syner kontrastane mellom terroren og ‘stilla’ etterpå, – men ingen ting er som før. Del desse tankane og songen med andre her på nettet. Stille Stille, i stille gror det ord.

På youtube her >>>