Publisert av:
22/6/2012 20:41
Ny siger
Det var Bømlo som gjesta Reiso kunstgras i dag til møte mot Njardar sitt gutelag.
Njardar spelte kamp også i går, men såg ikkje ut til bera preg av det.
Rett nok var det litt sein start på dei idag. Bømlo leia i starten 2-1, men etterkvart fekk Njardar sving på spelet sitt og til slutt vann dei heile 10-2.
Dermed inntok gutane 2.plass på tabellen før ferien.
Måla i dag kom frå Ørjan Pettersen (4), Benjamin Peters (3), Torstein Flakke, Lars Even Stue, Lasse Skulstad.