Alsaker Konsern i 2011
20/6/2012 11:46
Konsernet sin omsetnad auka med kr 67 millionar, frå kr 807 millionar i 2010 til kr 873 millionar i 2011.
Auken i omsetnad kjem i hovudsak frå auke i slaktevolum av laks. Driftsresultatet enda på kr 165 millionar mot kr 245 millionar i 2010.
Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2011 6 smoltanlegg, 22 matfiskkonsesjonar og eit slakteri. I mai 2011 kjøpte konsernet sitt sjette smoltanlegg,Bolstad Bruk AS lokalisert til Skogseidvatnet i Fusa.
Produksjonen i konsernet skjer i 13 kommunar: Bømlo, Etne, Fusa, Kvam, Kvinnherad, Meland, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Rennesøy, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.
I 2011 produserte konsernet i overkant av 32.000 tonn laks, mot ca 25.000 tonn året før.
Produksjonsmessig har 2011 vore eit betre år enn 2010. Både produksjons- og slaktekvantum auka mykje samanlikna med året før. Sjølv om ein også i 2011 hadde fleire nye utbrot av fiskesjukdomen pancreas disease (PD), var dødlegheiten i samband med kvart utbort mindre alvorleg enn tidlegare.
Dette kan mellom anna ha samanheng med konsernet sin omfattande prøvetaking mot PD, samt andre førebyggjande tiltak for å styrka fiskehelsa.
I 2011 hadde konsernet 170 årsverk, og konsernet har godt kvalifiserte og motiverte personar i alle ledd i organisasjonen.
Den internasjonale marknaden for laks har vore god i 2011, men med sterkt fallande prisar frå og med sommaren 2011. Det globale tilbodet av laks har auka gjennom 2011, både som ein konsekvens av betre biologi i Chile og auke i produksjonen frå Norge, særskilt frå 2. halvår. Auke i globalt tilbod har ført til prispress og ein lågare pris på laksen. Konsernet sin snittpris på sal av laks vart såleis kraftig redusert i 2011 samanlikna med 2010.
Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgongen av året på kr 592 millionar – noko som gir ein eigenkapitalandel på 42%.