Dressur i Florø
22/5/2012 19:51
Frå Tysnes deltok Kristi Sandvik Pedersen med ponnien sin, Lanciano Kærlund , me kallar han berre, Lassie.
Det var strålande vær, heile helga. Fredag reid Kristi og Lassie klassen LB 0. Dei vann klassen med 70,870%.
Laurdag var det 1. avd i Vestlandsmesterskapet for ponni, klasse LB 2. Her vart det 3.pl med 63,3% på Kristi og Lassie. Vinnar av klassen vart Maria Hauge på Banks Limeric frå Alvøen Rideklubb, Bergen, med 64,5%, og 2.pl gjekk til Christine Falbach frå Moldegård, Os, med 63,7%. Heia Hordaland!!
Søndag starta Kristi også klasse LB 2. Her vart det ny 1.pl med 64,815%. Midt i programmet vart Lassie skremt av noko. Han tok seg ein frisk spurt nedover langsida, men etter han fekk roa seg ned, gjennomførte Kristi og Lassie resten av programmet med stil. Det vart 2 minuspoeng i ulydigheit og feilridning, så Kristi var glad det likevel haldt til 1.plassen.
Ei veldig kjekk og lærerik stevnehelg.