Ivrige jenter
12/5/2012 12:54
Dagens J11 kamp på Reiso mellom Njardar/Tysnes og Gneist var ein kamp full av innsats og iver. Og mange mål.
Gneist var best i 1.omgong og leia 3-0 til pause. Etter kvilen var det mykje meir futt i Njardar-jentene og dei prøvde å kjempa seg inn att i kampen.
Dei reduserte to gonger ved Eline Stikkholmen. Gneist auka så til 4-2 leiing, men igjen svara Njardar då Emilie Instøy reduserte.
Fleire mål vart det ikkje på Njardar og mot slutten vart dei trøytte og Gneist fekk inn fem kjappe scoringar på dei siste fem minutta. Dermed vart det tap 9-3.
Desse var med:
Maria Hagen, Karoline Hauge Hansen, Eline Stikkholmen, Emilie Sellevold, Petra Sløgedal, Marita Fagerbakk Lunde, Ingeborg Flakke, Solveig Reiso, Trine Gundersen, Sarah Folgerø, Malene Hagen, Katarina Sellevold.