Humorgalla på Tysnesfest
2/5/2012 13:59
Lattermusklane skal og trimmast under ein 5 dagers festival. Me flirer godt over å kunne presentere denne trioen for publikum!
Vidar er ein hardtarbeidande ung komikar som brenn for faget sitt. Sidan sin debut i 2007, har han reist landet rundt og fått publikum til å gapskratte med sylskarpe tekstar og ektefølt innleving.
Vidar Hodnekvam har på rekordtid jobba seg opp ein solid cv som stand-up- komikar og som medlem av det progressive miljøet i Bergen har han hatt suksess opptredenar i heile Noreg, samt Finland, England og USA. Det er ikkje bare på scenen han har gjort suksess, han var også med på Showman- julespesial, eit stand up program på TV2 jula 2010, saman med med bla. Dag Sørås, Håvard Lilleheie og Christoffer Schjelderup.
André Jerman er på veg til å bli eit av dei store namna i norsk stand-up. Sidan oppstarten i 2004 har han utmerka seg både på små og store scener landet rundt.
I 2011 reiste André på turnéen ”Latter on tour” med Sigrid Bonde Tusvik, Jonna Støme og Jonas Bergland. I oktober var André i Afghanistan og underheldt norske soldatar og i desember var det juleturné med Yngve Skomsvoll og Dagfinn Lyngbø.
Grim Morberg
Grim Moberg har lang erfaring frå teaterscenen, noko som kjem tydeleg fram i hans stand-up rutiner. Den 31 år gamle vossingen, som no er omskolert til stand-up-komiker, kan det eine augneblikken snakke om politikk, og fem sekunder seinare om mor si på sjukehuset etter fødselen. Ofte er halve rutinen klassisk observasjonshumor og resten nært personleg relatert.
Grim blottlegg seg sjølv, og humoren går oftast på hans eigen bekostning ( og ei rekke ekskjærestar ), og ikkje publikum sin. Men Grim kan også vera nådelaus, noko som gjer denne karen uforutsigbar og spesiell. Av erfaring kan han også vise til konferansier og toastmaster, og er ideell for ulike oppdrag innanfor festlege samanhengar. Grim Moberg er eit namn ein kan vente å sjå på plakatar rundt omkring i landet i framtida. Dette er eit talent som klart skil seg ut i mengden.